Historisk arkiv

Dale møtte finalistane til Årets unge bonde 2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Årets unge bonde vert i år kåra for sjuande gong. Det har vore ei svært god og positiv oppslutting rundt kampanjen. Over 400 unge bønder under 35 år blei nominerte til Årets unge bonde 2016. Blant disse kom 19 nominerte vidare til semifinalen. Fem unge finalistar vart stemt fram via NBU og Facebook, og er no i finalen. Vinnaren blir kåra under Ung Bonde-samlinga i Oslo laurdag 12. november.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har i dag møtt dei fem finalistane til Årets unge bonde 2016.

– Det er heilt avgjerande at vi har unge bønder som vil satse på landbruket, som utnyttar ressursane på garden og som leverer produkt av høg kvalitet. Det gjer dei som no er i finalen til Årets unge bonde. I tillegg er dei alle gode førebilete som kan inspirere fleire til å satse på ei karriere i landbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Dei fem finalistane er:

  • Knut Halvor Aschjem, 28 år, Ås i Akershus. Økologisk korn, kjøtproduksjon frå østlandsk raudkolle og gamalnorsk spælsau.
  • Ingve Berntsen, 30 år, Hå i Rogaland.  Grasbasert ammekuproduksjon av vestlandsk fjordfe.
  • Anne Dieset, 31 år, Åmot i Hedmark. Skog, korn, ammeku og avl av herefordku.
  • Mina og Anders Klaseie, 28 og 30 år, Eidsvoll i Akershus. Korn og sau, nokre ammekyr og geiter.
  • Geir Ove Mannsverk, 31 år, Alta i Finnmark. Mjølk (280 tonn kvote), kjøt og noe sau.
Finalistane på besøk hjå landbruks- og matministeren i dag. Rad ein frå venstre: Mina Klaseie, Anne Dieset, rad to: Anders Klaseie, Geir Ove Mannsverk og Jon Georg Dale, rad tre: Ingve Berntsen, rad 4: Knut Halvor Aschjem, Torstein Klev bygdepolitisk nestleiar i Norges Bygdeungdomslag og Tora Voll Dombu leiar i Norges Bygdeungdomslag.
Finalistane på besøk hjå landbruks- og matministeren i dag. Rad ein frå venstre: Mina Klaseie, Anne Dieset, rad to: Anders Klaseie, Geir Ove Mannsverk og Jon Georg Dale, rad tre: Ingve Berntsen, rad 4: Knut Halvor Aschjem, Torstein Klev bygdepolitisk nestleiar i Norges Bygdeungdomslag og Tora Voll Dombu leiar i Norges Bygdeungdomslag. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Juryen blir i år leia av landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Dei andre medlemane er leiar i Norges Bygdeungdomslag Tora Voll Dombu, styreleiar i Felleskjøpet Agri, Anne Jødahl Skuterud, administrerande direktør i McDonald’s Norge AS Lauren Cody Källén, rektor hjå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling Dag Jørund Lønning og programleiar Arne Hjeltnes.  

Grøn utdanning

Kåringa av Årets unge bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald’s Norge AS og Felleskjøpet Agri, og er ein del av prosjektet Grønn utdanning, som skal bidra til å rekruttere fleire unge til landbruksutdanning. Landbruks- og matdepartementet støttar prosjektet Grøn utdanning.

Finalistane
Finalistane Foto: Landbruks- og matdepartementet