Dale på uformelt EU-ministermøte om trafikksikkerheit og miljøvenleg transport

– Samarbeid på tvers av landegrensene er viktig for å styrke trafikksikkerheita og realisere det grøne skiftet i transportsektoren. Dette må vi klare samstundes som vi legg til rette for betre framkome for folk og næringsliv. Noreg ligg heilt i front i arbeidet med trafikksikkerheit, og regjeringa har som ambisjon å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Det austerriske EU-formannskapet er vertskap for det uformelle transport- og miljøministermøte i Graz 29. og 30. oktober. På agendaen står mellom anna lågutsleppsmobilitet og trafikksikkerheit.

Graz-erklæringa vedtatt
Ministrane har vedtatt Graz-erklæringa «Starting a new era: Clean, safe and affordable mobilty for Europe». Erklæringa oppmodar til ei strategisk og heilskapleg tilnærming for å gjere mobiliteten i Europa meir miljøvennleg, meir tilgjengeleg, sikrare og rimelegare for folk og næringsliv.  

Rask introduksjon av nullutsleppskjøretøy og ikkje-fossilt drivstoff er tråd med regjeringas mål. Graz-erklæringa har òg fokus på sikker og inkluderande mobilitet. EU la i mai 2018 fram ei kunngjering om ny trafikksikkerheitsstrategi for perioden 2020 –2030. I kunngjeringa blir null-visjonen og konkrete måltall for hardt skadde omtalt som svært viktig.

- Vi treng auka europeisk merksemd om trafikksikkerheit. Noreg har kome langt i dette arbeidet, og vi deler gjerne våre erfaringar. Introduksjon av tryggare bilar og ny teknologi er viktige drivarar for å gjere ferdselen på vegen tryggare, seier samferdselsministeren.

Til toppen