Historisk arkiv

Debattinnlegg av samferdselsminister Dale: Regjeringa reduserer det digitale klasseskilje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Debattinnlegg av samferdselsminister Jon Georg Dale. På trykk i Gudbrandsdølen Dagningen 7. november 2018.

Verda står midt oppi ein digital revolusjon som fordrar at folk har tilgang til internett og får vere med på utviklinga. Det skaper arbeidsplassar, reduserer kostnadar og bidreg til ein enklare kvardag.

Difor styrker vi satsinga på elektronisk kommunikasjon ( ekom).

Når ordførarane i Vågå og Lom i eit lesarinnlegg i Gudbrandsdølen Dagningen 18. oktober meiner at regjeringa bryt vårt breibandsløfte, er det altså feil. Det er denne regjeringa som har fått fart på utbygginga av breiband i heile landet.

I dag har 82 prosent av norske husstandane tilbod om høghastigheits breiband, mot 63 prosent i 2013.

I Noreg utføres og finansieras utbygging av breibandstilbodet primært av breibandsaktørane sjølv. Dei kommersielle aktørane bygger der dei ser potensiell lønnsamheit. Difor har vi gjennomført fleire tiltak som bidreg til å gjere utbygging lønsamt.

Mellom anna fastsetting av leidningsforskrifta som forenklar utbygging av fiber langs offentlig vei og reduserer disse utbyggingskostnadene. I statsbudsjettet for 2019 foreslår vi pengar til satsing på forenkla fiberutbygging. Dette inneber at informasjon om fibertrasear blir gjort tilgjengeleg for utbyggarane. Det vil bli etablert ei teneste hos Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit som bidrar til at tilbydarane som vil leggje ny fiber eller leige fiberkapasitet frå andre tilbydarar får kjennskap til eksisterande fibertrasear. Slik kan dei velje nye, alternative føringsvegar som mellom anna sikrar auka tryggleik og eit meir robust nett.

Vi tek i tillegg sikte på å legge fram breibandsutbyggingslova for Stortinget. Lova skal bidra til lågare kostnader ved etablering av høghastighetsnett. Dermed vil vi kunne få til meir utbygging av høghastigheitsbreiband i heile landet, og på den måten sikrar vi at alle er med på den digitale samfunnsutviklinga.

Eg er einig med ordførarane i Vågå og Lom om viktigheita av eit robust og sikkert nett. Difor foreslår vi over 180 millionar kroner til teletryggleik og beredskap i 2019. Regjeringa lanserte ein ny satsing på pilotar for alternative kjernett tidligare i år, og det arbeidet fortset. Vi fortset også arbeidet med å leggje til rette for fiberkablar til utlandet. Det vil både gi betre sikkerheit med at norsk ekomtrafikk får fleire trasear, samtidig som det legg til rette for databasert næringsverksemd fleire stader i landet.

I tillegg bidreg staten bidrar med årlige breibandsmidlar, og i 2018 bidreg regjeringa med om lag 150 millionar til dette for å sette fart på breibandsutbygginga i distrikta. Oppland har også i år fått meir enn befolkningsgrunnlaget skulle tilseie.

Vi må dessutan ikkje gløyme at god breibandsdekning er både ei statleg, kommunal og fylkeskommunal oppgåve. Dei kommunar og fylker som truleg vil lykkes best i digitaliseringa av sitt fylke og kommune, er dei som også lokalt prioriterer breibandsutbygging.

Regjeringa sin marknadsbaserte breibandspolitikk er vellukka. For 2019 foreslår vi eit statleg tilskot til breibandutbygging på 99,8 millionar kroner. Samtidig brukar dei private tilbydarane fleire milliardar. I 2017 var dei kommersielle investeringane i fast og mobilt breiband på heile 8 357 millionar kroner.

Vi må forvalte skattepengane på ein god måte, og ikkje bruke midlar der marknaden vil ha investeringsvilje. Dei statlege breibandsmidlane skal gå til dei som treng det mest.