Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Debattinnlegg av samferdselsminister Dale: Vi satsar på Møre og Romsdal

Debattinnlegg av samferdselsminister Jon Georg Dale. På trykk i Sunnmørsposten 17. oktober 2018.

Regjeringas satsing på samferdsel bind landet tettare saman. Det gjelder også i Møre og Romsdal. Vi byggjer vegar i eit tempo som aldri før, legg til rette for sjøtransporten og vi sikrar eit godt flytilbod i distrikta. Gjennom det skaper vi ein enklare kvardag for folk flest, styrkjer næringslivets konkurransekraft, og utvider bu- og arbeidsregionane.

Eg reiste måndag til Møre og Romsdal for å leggje fram regjeringas forslag till statsbudsjettet for 2019, nettopp fordi eg ville markere at dette er eit fylke vi satsar på. Det bodskapet kom fram for mange, men tydelegvis ikkje for alle.

Dagen etter skriv nemleg Sunnmørsposten i ein kommentar at Møre og Romsdal er ein av taparane i samferdselsbudsjettet, og politisk redaktør kallar det vi foreslår å løyve for "smular til vegprosjekt". Då trur eg ikkje at han kan la lest budsjettet spesielt grundig. La meg difor gi ein kort oppsummering av kor mykje denne regjeringa foreslår å løyve til Møre og Romsdal til vegformål neste år.

Vi vil mellom anna forbetre E39 fleire plasser i fylket. Til strekninga mellom Betna og Stormyra foreslår vi å løyve 20 millionar kroner. Det  er det som må til for å starte arbeidet, men til saman reknar vi med at dette prosjektet vil koste rundt 2,2 milliardar kroner. Alt kan ikkje kome på ein gong, men vi lover ikkje 20 millionar kroner no, for så å stoppe vegprosjektet. Med statsbudsjettet for 2019 forpliktar vi oss til finansiere vegutbygginga her. Heile 69 millionar kroner er satt av til planlegging på E39 i Møre og Romsdal.

Vidare vil vi gjere utbetringar av Gjemnessundbrua, vi vil vidareføre etableringa av kollektivknutepunkt ved Ørsta og til fortau ved Hjelset. Vi foreslår også nye ferjekaier til strekningane Festøya – Solavågen og Volda – Folkestad i forbindelse med innføring av nye ferjer i 2020.

Vi gjer tunnelutbetringar i heile landet, og Møre og Romsdal ligg godt an til å tilfredsstille krava til tunneler. På E136 setter vi i 2019 av midlar til utbetringar av Vågstrandstunnelen og av Innfjord- og Måndalstunnelene. På riksveg 658 foreslår vi midlar til utbetring av Ellingsøy- og Valderøytunnelene.

På riksveg 70 starta anleggsarbeida på strekninga Tingvoll-Meisingset i 2016, og vegen er venta open for trafikk i mai 2019. Det blir også ein vidareføring av arbeida med nytt flyplasskryss i Kristiansund, og gjennomføring av skredsikringstiltak på riksveg 70.

Det blir også ein moglegheit for oppstart av prosjektet Lønset – Hjelset, og at gjennomføringa kan koordinerast med bygginga av det nye sjukehuset.

Denne regjeringa satsar også på sjøtransport. Difor foreslår vi å løyve 71,2 millionar kroner til utbetringa av Gjerdsvika fiskerihamn, og 40,4 millionar kroner til utbetring av farleia i innseglinga til Ålesund. 61,2 millionar kroner av desse midlane kommer i 2019. I tillegg vil Giske kommune få tilbod om forskotering til tiltak i Gjøsund fiskeriham. Der er søknadssummen på 91 millionar kroner.

Vi har ein ambisiøs Nasjonal transportplan, og vi føljer opp denne i budsjettet. Løyvinga til investeringstiltak på veg i Møre og Romsdal er om lag 900 millionar kroner i 2019, noko som vil bidra til betre trafikktryggleik, og ein enklare kvardag for folk flest og næringsliv i fylket. Det kan neppe kallas for smular.

Til toppen