Historisk arkiv

Dei fyrste marine verneområda i Noreg er oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Dei tre fyrste marine verneområda – Framvaren i Vest-Agder, Tauterryggen i Nord-Trøndelag og Saltstraumen i Nordland – vart vedteke av Kongen i statsråd i går, fredag.

Dei tre fyrste marine verneområda – Framvaren i Vest-Agder, Tauterryggen i Nord-Trøndelag og Saltstraumen i Nordland – vart vedteke av Kongen i statsråd i går, fredag.

Desse tre områda representerr unike naturverdiar:

  • Saltstraumen i Bodø kommune er den sterkaste tidevasstraumen i verda.
  • Tauterryggen i  Frosta og Leksvik kommunar er det grunnaste kjente kaldtvatnkorallrevet i verda.
  • Framvaren i Farsund kommune har unike kjemiske tilhøve og utgjer eit naturleg historisk arkiv fordi botnen har vore urørt i tusenvis av år.

Til saman dekker dei marine verneområda eit sjøareal på ca 74 kvadratkilometer.

- Eg er glad for at vi no sikrar miljøverdiar for framtida også i sjøen. Regjeringa har tatt eit fyrste skritt med reint marine verneområde. Gjennom dette tar vi vare på vi viktige delar av Noreg sin undersjøiske natur,  seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Dette er dei fyrste verneområda som er oppretta med heimel i naturmangfoldlova § 39,.

Verneverdiane er knytt til heilt spesielle kjemiske tilhøve i Framvaren som er viktig for forskinga. Tauterryggen omfattar ei israndavsetting i Trondheimsfjorden med særeigne førekomstar av korallrev med eit rikt naturmangfald. Den sterke tidevasstraumen i Saltstraumen er viktig for plante- og dyrelivet i området, som mellom anna  sjøanemonar, skjell, svampar og korallar.

Vern av områda skal sikre at det ikkje gjerast inngrep som skadar naturverdiane. Vernereglane er ikkje til hinder for at eksisterande aktivitet som mellom anna båtutfart, friluftsliv og fiske kan fortsette.

Miljøvernstyresmaktene skal ha forvaltningsmynde i dei nye verneområda.

Marin verneplan skal sikre at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar langs kysten blir tatt vare på for framtida, mellom anna som referanseområde for forsking og overvaking.

Noreg har internasjonale plikter gjennom Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) og Konvensjonen om bevaring av det marine miljø i Nordøst-Atlanteren (OSPAR) om å ta vare på kyst- og havområde, spesielt område som er særleg viktig for biologisk mangfald og økosystemtenester

Arbeidet med marin verneplan skal vidareførast. Arbeidet er lagt om frå ein puljevis til ein meir områdevis prosess. Dette inneberer ingen endring i status for dei andre 14 områda der den formelle verneprosessen blei kunngjort i 2009, eller for dei andre 19 kandidatområda. Dette inneberer heller ingen endring i dei førebelse retningslinene frå 2005. Arbeidet med vern av disse andre områda vidareføras på eit seinare tidspunkt.

Kart 

Forskrift

Kongeling resolusjon

Bilete frå Saltstraumen, som er eit av dei marine verneområda (Foto: Erling Svensen)
Bilete frå Saltstraumen, som er eit av dei marine verneområda (Foto: Erling Svensen)