Historisk arkiv

Dei internasjonale kornprisane fell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Prisane på den internasjonale kornmarknaden har stort sett falle den siste månaden. Det skuldast fyrst og fremst at innhaustinga mange stader på den nordlege halvkule nærmar seg slutten, og den samla kornproduksjonen synest å bli god.

Verdas produksjon av kveite i 2016–2017 tyder på å bli nesten 745 millioner tonn, som er ny rekord. Ifølgje det amerikanske landbruksdepartementet, USDA, vil alle dei store eksportørane, Argentina, Australia og Canada, auke produksjonen sin samanlikna med i fjor, medan EU produserer mindre. Både Frankrike og dei baltiske landa slit dessutan med dårleg kvalitet i kveita, og meir korn enn vanleg må difor brukast til dyrefôr. Den tyske kveita held derimot høg kvalitet.

Meir norsk matkveite enn i fjor

Her heime er mykje korn vel i hus, og rundt om i landet ser avlingane ut til å bli både store og av god kvalitet. Ifølgje den siste prognosa frå marknadsregulator Norske Felleskjøp blir produksjonen av korn, erter og oljefrø i år på 1 213 000 tonn. Det er 12 prosent meir enn snittet for dei siste fem åra, men mindre enn i fjor. Til gjengjeld tyder det på å bli langt meir matkveite, og med eit høgare proteininnhald enn i 2015-sesongen. 70 prosent av den norske kveita er i år venta å halde matkvalitet.

Korn.
Her heime er mykje korn vel i hus, og rundt om i landet ser avlingane ut til å bli både store og av god kvalitet. Foto: Torbjørn Tandberg