Historisk arkiv

Dei tre skuleskipa får ekstraordinære koronatilskot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa gjer ei tilleggsløyving på til saman 10 millionar kroner til dei tre skværriggarane, fordelt med 4 millionar til Statsraad Lehmkuhl og 3 millionar kvar til Christian Radich og fullriggeren Sørlandet.

– Eg er svært nøgd med at me kan bidra med ekstraordinære tilskot til dei tre stolte skuleskipa våre, i håp om at det vil hjelpe dei til å gjennomføre aktivitetar denne sesongen. Dei gjer ein fantastisk innsats som flaggskip for Noreg som kystnasjon, samtidig som dei gjev viktig ballast til eit stort antal ungdommar og anna publikum, og varetek ei viktig del av vår kulturarv, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Regjeringa har etablert mange tiltak og ordningar for å hjelpe kulturlivet gjennom koronakrisa. Denne tilleggsløyvinga kjem på toppen av det årlege driftstilskotet skipa mottek frå Kulturdepartementet, som for 2021 til saman utgjer nær 43 millionar kroner.

I fjor fekk dei i tillegg eit ekstraordinært tilskot på til saman 50 millionar kroner, for å framskynda vedlikehaldsplanane då skipa ble lagt til kai i samband med pandemien.