Utlysing: Delta i samarbeid med organisasjonar på Malta

EØS-midla

Det EØS-middelfinansierte fondet for å styrke det sivile samfunnet på Malta tek no i mot søknader om støtte. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt.

Det EØS-middelfinansierte fondet for å styrke det sivile samfunnet på Malta tek no i mot søknader om støtte. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt.

Fondet er totalt på rundt 1,5 millionar kroner, og utgjer eit av fleire program på Malta som Noreg finansierer gjennom EØS-midla. Fondet kjem til å støtte prosjekt innanfor område som bidreg til:

  • Å auke deltakinga frå det sivile samfunn i politiske prosessar på lokalt og nasjonalt nivå på Malta gjennom å styrke kompetanse og bygge nettverk mellom NGO-ar
  • Å promotere demokratiske verdiar og menneskerettar
  • Å styrke kunnskapen om miljøvern og berekraftig utvikling

Frist for å søke er 12. juli.

Det er lagt vekt på å engasjere det sivile samfunn i Noreg og andre aktørar til prosjektsamarbeid med partnarar på Malta. Norske partnarar kan få dekka deler av utgiftene sine til dette.

Norske organisasjonar som ønskjer å delta i slik samarbeid, kan melde interesse via ein eigen database (sjå lenke under).

Nyttige lenker og kontaktinformasjon: