Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Spørsmål 424 frå stortingsrepresentant Ingrid Heggø

Spørsmål til regjeringa sitt forslag om å innføre arbeidsgjevarplikter på tips

Eg viser til brev 22. november 2018 frå Stortingets president vedlagd spørsmål 424 frå stortingsrepresentant Ingrid Heggø:

Regjeringa har foreslege at det vert innført nye plikter for arbeidsgjevar når tilsette mottek tips. Det har oppstått behov for presisering vedrørande om arbeidsgjevar kan forby dei tilsette å ta imot tips, om tips skal inngå i grunnlaget for feriepengar, pensjon og sjukepengegrunnlag, og om arbeidsgjevar kan trekke frå auka kostnader i tipspengane før det vert trekt skatt og utbetalt. Kan finansministeren klargjere arbeidsgivar sine nye plikter og administrative byrder pga foreslegne endra plikter vedrørande skatt på tips?

Grunngjeving:
Tips er også i dag skattepliktig inntekt, men det er svært liten innrapportering av mottekne tipspengar. Regjeringa sitt framlegg til endra plikter for arbeidsgjevar vil heilt klart pålegge arbeidsgivar aukte administrative byrder, men tettar også skattehol. Spørsmålet mitt går på behovet for klargjering eller endring av eventuelle lover og forskrifter. Det er fleire arbeidsgjevvarar som har etterlyst bla om det er mulig å nekte personalet å motta tips, eventuelt kontanter, og også om arbeidsgiver kan trekke frå meirutgiftene for innrapportering. Dersom tips skal inngå i feriepengegrunnlaget, sjukelønsordning og pensjon er det fint å få det klarlagt og om alt lovverk og forskrifter er på plass eller kva endringar som må til.

Svar:
Eg gjer merksam på at fleire av spørsmåla høyrer under arbeids- og sosialministeren sitt ansvarsområde, og eg har difor konferert med henne om desse.

Det vert spurt om arbeidsgjevars råderett over tips, og om tips vil inngå i grunnlaget for feriepengar, pensjon og sjukepengar. Rekkjevidda av arbeidsgjevars styringsrett er ei ulovfesta lære om arbeidsgjevars rett til å organisere, leie, kontrollere og fordele arbeidet. Styringsretten vert mellom anna avgrensa av lov, tariffavtaler og individuelle avtaler. Høgsteretts dom i Theatercafé-saka (Rt-2008-856) skisserte nokre rammer for arbeidsgjevars styringsrett når det gjeld fordeling av tips mellom servitørar og anna personell, og der Høgsterett kom til at det låg innafor arbeidsgjevars styringsrett å gje pålegg om fordeling av tips mellom dei tilsette. I kva grad og på kva måte ein arbeidsgjevar vil kunne råde over tips, kan som nemnd vere avgrensa av mellom anna avtaler, og må truleg avgjerast ut frå konkrete vurderingar av avtaler og praksis i den enkelte bedrift, og kan difor ikkje avgjerast generelt.

Når det gjeld feriepengar, er grunnlaget for berekninga regulert i ferieloven § 10 fyrste ledd: "Feriepenger fra arbeidsgiver beregnes på grunnlag av arbeidsvederlag som er utbetalt i opptjeningsåret." Det er i utgangspunktet naturleg å sjå tips som "arbeidsvederlag", fordi det er tale om inntekt som arbeidstakar tek i mot i kraft av å utføre arbeid og å vere tilsett. Samstundes kan ordlyden tyde på at det berre skal reknast feriepengar av ytingar frå arbeidsgjevar, og ikkje ytingar motteke frå andre. Men i alle fall der arbeidsgjevar rår over tipsen og er den som gjer utbetalinga, antek eg at den vil gje grunnlag for opptening av feriepengar.

Kva gjeld sjukepengar skal det frå 1. januar 2019 ved fastsetting av sjukepengegrunnlaget takast utgangspunkt i inntekt arbeidsgjevar har rapportert til a-ordninga. Lønsinntekt og andre godtgjersler som er resultat av arbeidstakarens eigen arbeidsinnsats inngår ved utrekninga av den aktuelle månadsinntekta, jf. folketrygdloven § 8-29. Tips vert vurdert å høyre inn under dette. Så lenge arbeidsgjevar rapporterer tips til a-ordninga, skal den såleis takast med ved utrekninga av sjukepengegrunnlaget. Pleiepengar, opplæringspengar, omsorgspengar og foreldrepengar vert utrekna på same måte.

Tips rapportert som løn vert rekna som pensjonsgjevande inntekt i folketrygda, jf. folketrygdloven § 3-15. Tips vil då gå inn i grunnlaget for pensjon frå folketrygda.

Når det gjeld private tenestepensjonar som vert regulert av foretakspensjonsloven, innskuddspensjonsloven og tjenestepensjonsloven, er hovudregelen at bedrifta sitt innskot/premie skal bereknast av lønna arbeidstakeren mottek i året. Det er skattepliktig løn som vert rekna som løn. Pensjonslovane opnar likevel for nokre unntak frå hovudregelen. Mellom anna kan ein ved utrekning av løn sjå bort frå godtgjersle for overtid, skattepliktige naturalytingar eller andre varierande eller mellombelse tillegg. Kva som er varierande eller mellombelse tillegg, har mellom anna vore vurdert i høve til bonus- og provisjonsordningar. Det er da lagt til grunn at slike ordningar skal inngå i lønnsgrunnlaget dersom sjølve ordningane er av fast og varig karakter. Dette gjeld sjølv om dei einskilde utbetalingane av bonus eller provisjon er varierande. Tips vil måtte   måtte vurderast etter same kriterier, og dermed truleg inngå i lønnsgrunnlaget når ein skal berekne innskot/premie til pensjonsordninga.

I offentleg sektor vil det truleg vere få høve der tilsette mottek tips. Men i så fall, vil det per i dag ikkje inngå i pensjonsgrunnlaget som pensjonen frå offentleg tenestepensjonsordning vert rekna av. Pensjonsgrunnlaget er normalt den faste arbeidsinntekta for arbeidsforholdet som gjev rett til medlemskap. Tips er ikkje fast inntekt i sin karakter, men vert rekna som variabel inntekt. Staten og hovudsamanslutningane har inngått ein tariffavtale om pensjonsgjevande variable tillegg. Eit vilkår for at variable tillegg skal reknast med i pensjonsgrunnlaget er ifølgje avtalen at dei er "Forutsigbare tillegg, avtalt i tariffavtale, for arbeid som forekommer regelmessig gjennom året og som er vederlag for arbeid i ordinær stilling er pensjonsgivende." Tips er av variabel karakter, men tips skal likevel truleg ikkje reknast med i pensjonsgrunnlaget då den ikkje er "forutsigbare tillegg, avtalt i tariffavtale".

Med helsing

Siv Jensen