Historisk arkiv

Skriftleg spørsmål nr. 366 frå stortingsrepresentant Hadia Tajik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Eigedomsskatt

Eg viser til brev 22. november 2019 frå Stortingets president vedlagt følgjande skriftlege spørsmål frå stortingsrepresentant Hadia Tajik:

Vil regjeringa ta initiativ til å gjere det mogleg for nye Stavanger å samordne alle deler ved eigedomsskatten, inkludert takstgrunnlag, bunnfradrag, skattesats og utskrivingsalternativ for 2020?

Begrunnelse:
Regjeringa har i samband med stats- og nasjonalbudsjettet 2020 gjort framlegg om nye reglar for samordning av eigedomsskatt ved kommunesamanslåing. For nye Stavanger inneber dette at kommunane Finnøy, Rennesøy og Stavanger samt grensejustering på Ombo vil få eit fall i inntekt frå eigedomsskatt på kr 70 mill kr i 2020. Dette vil få store konsekvensar for det økonomiske handlingsrommet i det fyrste året for den nye kommunen. Regelendringane har ikkje vore mogleg å forutsjå, eller planlegge for.

Svar:
I den politiske plattforma til regjeringa går det fram at eigedomsskattesatsen og skattegrunnlaget skal reduserast. Stortinget vedtok hausten 2018 framlegget frå regjeringa i statsbudsjettet for 2019 om at eigedomsskattegrunnlaget for bustad og fritidsbustad skal reduserast med 30 prosent frå eigedomsskatteåret 2020. I tillegg vert den maksimale eigedomsskattesatsen for desse eigedommane redusert frå 7 til 5 promille. Regjeringa reduserer eigedomsskatten av di den råkar bustadeigarar likt, utan omsyn til inntekt.

Eg har ikkje grunnlag for å kommentere konkret det tapet Stavanger kommune hevdar å ville få. Oppslag i media tyder på at mykje av dette tapet har samanheng med dei allereie vedtekne reglane om obligatorisk reduksjonsfaktor på 30 prosent for bustad- og fritidseigedom. Redusert eigedomsskatt for innbyggjarane er ein del av politikken til regjeringa, og da må ein kunne vente at eigedomsskatten faktisk går ned. Eg minner også om at det i framlegget frå regjeringa til 2019-budsjett går fram at: «Departementet foreslår at endringene trer i kraft fra og med 2020. Dette vil gi kommunene mulighet til å tilpasse sine budsjetter til inntektsendringene som følger av regjeringens forslag.»

Framlegget med særskilte eigedomsskattereglar for kommunesamanslåing ligg no til handsaming i Stortinget. Framlegget følgjer opp eit anmodningsvedtak frå Stortinget. Stortinget har lagt som føring at reglane ikkje skal medføre brå auke i eigedomsskatten for bustader, fritidseigedom og næringseigedom. Dette omsynet er kombinert med førehandskjende for kommunane når det gjeld inntektene frå «vannkraft, vindkraft og prosessanlegg.»

Etter mitt syn inneheld framlegget om kommunesamanslåing reglar som vil gje tilstrekkeleg fleksibilitet til å handtere dei utfordringane som kan oppstå i samband med samordning av eigedomsskatten ved ei kommunesamanslåing. Det er ikkje aktuelt med særreglar for Stavanger kommune.

Med helsing

Siv Jensen