Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 1050 frå stortingsrepresentant Hadia Tajik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

§10-4 i skatteforvaltningsloven

Eg viser til brev av 24. februar 2020 frå Stortingets president, vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Hadia Tajik til skriftleg svar:

«Kan statsråden leggja fram tal på kontrollar med heimel i §10-4 i skatteforvaltningsloven for konsern med over 1 milliard kroner i omsetning (storbedrift), og vise tal på kontrollar over tid?

Begrunnelse:
Viser til svar på spørsmål 874.»

Svar:
Skatteetaten retter særleg innsatsen sin mot område og verksemder der risikoen for manglande etterleving er størst, uansett storleik, og bruker mange verkemiddel i dette arbeidet, jf. mitt svar på spørsmål nr. 874.

Skatteetaten følgjer ikkje talet på kontrollhyppigheit etter storleiken på selskapa. Det er heller ikkje mogleg med maskinelle søk i Skatteetatens systemer å skilje kontrollar med heimel i §10-4 frå andre kontrollar.

Skatteetaten har difor henta fram tal som viser kontrollar av selskap/konsern som inngår i manntalet for Avdeling Storbedrift. Det vert gjort merksam på at manntalet til Avdeling Storbedrift også inneheld selskap/konsern med under 1 milliard kroner i omsetjing fordi avdelinga har ansvar også for mellom anna kraft-, rederi- og samvirkebeskatning, uavhengig av kor stor omsetjinga er. Kontrollar i denne delen av manntalet vil difor også inngå i oversikta nedanfor då det heller ikkje her er mogleg å skilje mellom selskap over/under 1 milliard ved maskinelle søk.

Tal for kontrollar mot selskap som inngår i manntalet til Avdeling Storbedrift i perioden 2010–2018:

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

207

382

453

304

233

231

273

293

312

 

Storbedriftsavdelinga nyttar ein arbeidsmetodikk som gjev Skatteetaten god kunnskap om konserna og set etaten i stand til å førebyggje risiko for manglande etterleving, jf. mitt svar på spørsmål nr. 874. Kontroll er berre eit av fleire verkemiddel her.

Med helsing

Jan Tore Sanner