Historisk arkiv

171 millionar kroner meir i frie inntekter til Sogn og Fjordane neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1401 Flora 681 742 15 647 2,3
1411 Gulen 169 846 4 506 2,7
1412 Solund 68 656 1 874 2,8
1413 Hyllestad 101 106 1 337 1,3
1416 Høyanger 256 567 3 598 1,4
1417 Vik 181 368 2 547 1,4
1418 Balestrand 95 872 1 226 1,3
1419 Leikanger 142 689 3 323 2,4
1420 Sogndal 422 919 12 539 3,1
1421 Aurland 120 561 1 557 1,3
1422 Lærdal 140 780 3 632 2,6
1424 Årdal 311 392 7 207 2,4
1426 Luster 317 691 6 175 2,0
1428 Askvoll 199 911 3 638 1,9
1429 Fjaler 201 365 2 263 1,1
1430 Gaular 196 649 5 384 2,8
1431 Jølster 192 665 2 592 1,4
1432 Førde 721 300 18 429 2,6
1433 Naustdal 184 810 4 335 2,4
1438 Bremanger 260 117 3 247 1,3
1439 Vågsøy 356 520 7 607 2,2
1441 Selje 177 893 3 722 2,1
1443 Eid 347 253 15 912 4,8
1444 Hornindal 85 034 1 248 1,5
1445 Gloppen 364 574 10 050 2,8
1449 Stryn 426 812 8 669 2,1
Fordelast gjennom året 6 100    
Sogn og Fjordane 6 732 190 151 815 2,3
       
Sogn og Fjordane fylkeskommune 2 353 890 19 188 0,8

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.