Historisk arkiv

223 millionar kroner meir i frie inntekter til Telemark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Telemark og Telemark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0805 Porsgrunn 1 850 143 43 531 2,4
0806 Skien 2 819 871 63 841 2,3
0807 Notodden 718 062 14 434 2,1
0811 Siljan 136 944 2 646 2,0
0814 Bamble 724 834 17 617 2,5
0815 Kragerø 585 679 13 175 2,3
0817 Drangedal 256 187 4 682 1,9
0819 Nome 375 988 8 913 2,4
0821 Bø 347 624 9 196 2,7
0822 Sauherad 243 148 3 512 1,5
0826 Tinn 362 682 5 224 1,5
0827 Hjartdal 110 599 1 856 1,7
0828 Seljord 186 058 4 021 2,2
0829 Kviteseid 155 788 3 264 2,1
0830 Nissedal 104 864 4 652 4,6
0831 Fyresdal 97 662 1 854 1,9
0833 Tokke 144 261 2 149 1,5
0834 Vinje 240 262 8 537 3,7
Fordelast gjennom året 13 800    
Telemark 9 474 456 214 103 2,3
       
Telemark fylkeskommune 2 106 000 8 789 0,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.