232 millionar kroner meir i frie inntekter til Oppland neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Oppland og Oppland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0501 Lillehammer 1 441 655 35 272 2,5
0502 Gjøvik 1 561 801 32 052 2,1
0511 Dovre 167 540 2 845 1,7
0512 Lesja 138 131 2 557 1,9
0513 Skjåk 136 549 2 771 2,1
0514 Lom 144 499 3 185 2,3
0515 Vågå 222 480 55 0,0
0516 Nord-Fron 333 054 8 905 2,7
0517 Sel 347 577 4 772 1,4
0519 Sør-Fron 187 645 3 565 1,9
0520 Ringebu 265 719 4 382 1,7
0521 Øyer 279 536 10 673 4,0
0522 Gausdal 341 658 4 678 1,4
0528 Østre Toten 795 688 17 388 2,2
0529 Vestre Toten 683 530 13 038 1,9
0532 Jevnaker 354 723 7 664 2,2
0533 Lunner 481 063 8 244 1,7
0534 Gran 749 715 17 947 2,5
0536 Søndre Land 320 823 9 285 3,0
0538 Nordre Land 380 757 6 385 1,7
0540 Sør-Aurdal 202 019 3 368 1,7
0541 Etnedal 101 974 774 0,8
0542 Nord-Aurdal 354 869 5 622 1,6
0543 Vestre Slidre 131 732 1 693 1,3
0544 Øystre Slidre 189 649 2 965 1,6
0545 Vang 113 249 5 336 4,9
Fordelast gjennom året 17 600    
Oppland 10 445 235 215 019 2,1
       
Oppland fylkeskommune 2 502 584 16 953 0,7

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.