Historisk arkiv

258 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Troms og Troms fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1902 Tromsø 3 888 296 117 050 3,1
1903 Harstad 1 374 214 31 268 2,3
1911 Kvæfjord 202 841 2 621 1,3
1913 Skånland 202 352 2 429 1,2
1917 Ibestad 107 544 916 0,9
1919 Gratangen 89 277 822 0,9
1920 Lavangen 91 874 1 305 1,4
1922 Bardu 237 038 3 245 1,4
1923 Salangen 145 006 2 292 1,6
1924 Målselv 397 186 13 090 3,4
1925 Sørreisa 207 309 2 785 1,4
1926 Dyrøy 95 833 994 1,0
1927 Tranøy 122 374 2 721 2,3
1928 Torsken 83 423 1 002 1,2
1929 Berg 71 233 905 1,3
1931 Lenvik 708 525 10 212 1,5
1933 Balsfjord 354 178 7 311 2,1
1936 Karlsøy 167 235 1 790 1,1
1938 Lyngen 218 555 2 963 1,4
1939 Storfjord 144 518 3 409 2,4
1940 Kåfjord 156 189 1 282 0,8
1941 Skjervøy 194 010 3 758 2,0
1942 Nordreisa 300 881 4 743 1,6
1943 Kvænangen 111 820 622 0,6
Fordelast gjennom året 10 035    
Troms 9 681 745 218 962 2,3
       
Troms fylkeskommune 3 012 801 38 829 1,3

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.