Historisk arkiv

345 millionar kroner meir i frie inntekter til Vest-Agder neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1001 Kristiansand 4 701 608 162 140 3,6
1002 Mandal 851 422 23 988 2,9
1003 Farsund 526 914 19 622 3,9
1004 Flekkefjord 531 645 10 106 1,9
1014 Vennesla 775 353 22 797 3,0
1017 Songdalen 361 130 9 984 2,8
1018 Søgne 578 925 13 893 2,5
1021 Marnardal 153 782 2 105 1,4
1026 Åseral 74 050 843 1,2
1027 Audnedal 121 884 1 496 1,2
1029 Lindesnes 287 721 7 944 2,8
1032 Lyngdal 487 321 24 287 5,2
1034 Hægebostad 115 492 1 577 1,4
1037 Kvinesdal 355 777 6 930 2,0
1046 Sirdal 138 140 1 638 1,2
Fordelast gjennom året 5 950    
Vest-Agder 10 067 115 308 501 3,2
       
Vest-Agder fylkeskommune 2 314 941 36 175 1,6

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.