Historisk arkiv

453 millionar kroner meir i frie inntekter til Buskerud neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Buskerud og Buskerud fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0602 Drammen 3 663 951 100 065 2,8
0604 Kongsberg 1 439 151 35 598 2,5
0605 Ringerike 1 551 194 42 679 2,8
0612 Hole 375 053 9 381 2,6
0615 Flå 78 090 1 363 1,8
0616 Nes 199 449 5 478 2,8
0617 Gol 273 259 7 783 2,9
0618 Hemsedal 146 456 2 457 1,7
0619 Ål 283 659 4 060 1,5
0620 Hol 259 291 5 364 2,1
0621 Sigdal 217 253 2 755 1,3
0622 Krødsherad 142 803 2 998 2,1
0623 Modum 734 302 17 408 2,4
0624 Øvre Eiker 967 955 21 130 2,2
0625 Nedre Eiker 1 285 973 33 419 2,7
0626 Lier 1 404 648 40 760 3,0
0627 Røyken 1 173 414 25 976 2,3
0628 Hurum 499 880 8 936 1,8
0631 Flesberg 167 229 2 404 1,5
0632 Rollag 102 763 1 500 1,5
0633 Nore og Uvdal 172 200 3 295 2,0
Fordelast gjennom året 15 440    
Buskerud 15 153 412 372 889 2,5
       
Buskerud fylkeskommune 3 015 636 79 790 2,7

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.