473 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1502 Molde 1 391 365 49 870 3,7
1504 Ålesund 2 402 525 72 626 3,1
1505 Kristiansund 1 276 387 35 983 2,9
1511 Vanylven 201 181 4 882 2,5
1514 Sande 161 389 2 669 1,7
1515 Herøy 482 967 7 916 1,7
1516 Ulstein 458 083 13 870 3,1
1517 Hareid 284 985 10 102 3,7
1519 Volda 490 808 12 814 2,7
1520 Ørsta 585 917 13 040 2,3
1523 Ørskog 140 026 2 147 1,6
1524 Norddal 121 027 3 296 2,8
1525 Stranda 268 293 4 254 1,6
1526 Stordal 77 698 1 449 1,9
1528 Sykkylven 413 826 7 246 1,8
1529 Skodje 256 572 2 963 1,2
1531 Sula 505 988 8 661 1,7
1532 Giske 438 574 7 837 1,8
1534 Haram 508 550 17 732 3,6
1535 Vestnes 354 332 16 519 4,9
1539 Rauma 433 307 12 195 2,9
1543 Nesset 183 507 5 724 3,2
1545 Midsund 137 565 2 950 2,2
1546 Sandøy 92 279 1 057 1,2
1547 Aukra 209 145 6 617 3,3
1548 Fræna 542 359 15 398 2,9
1551 Eide 205 866 2 842 1,4
1554 Averøy 319 257 5 876 1,9
1557 Gjemnes 162 400 1 956 1,2
1560 Tingvoll 200 271 4 418 2,3
1563 Sunndal 411 506 6 907 1,7
1566 Surnadal 340 942 5 560 1,7
1567 Rindal 131 432 1 849 1,4
1571 Halsa 112 237 1 782 1,6
1573 Smøla 143 189 3 505 2,5
1576 Aure 250 455 10 235 4,3
Fordelast gjennom året 33 168    
Møre og Romsdal 14 729 379 357 520 2,5
       
Møre og Romsdal fylkeskommune 4 123 331 115 703 2,9

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.