Historisk arkiv

905 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1101 Eigersund 801 914 25 719 3,3
1102 Sandnes 4 028 631 128 549 3,3
1103 Stavanger 7 356 630 237 927 3,3
1106 Haugesund 1 936 566 51 206 2,7
1111 Sokndal 202 881 5 956 3,0
1112 Lund 193 178 3 125 1,6
1114 Bjerkreim 171 908 3 200 1,9
1119 Hå 970 010 21 188 2,2
1120 Klepp 992 232 29 758 3,1
1121 Time 984 213 20 335 2,1
1122 Gjesdal 631 179 19 702 3,2
1124 Sola 1 463 042 53 894 3,8
1127 Randaberg 601 754 25 276 4,4
1129 Forsand 99 156 1 224 1,2
1130 Strand 693 695 25 457 3,8
1133 Hjelmeland 185 921 5 889 3,3
1134 Suldal 259 146 3 206 1,3
1135 Sauda 284 535 10 813 4,0
1141 Finnøy 203 131 2 183 1,1
1142 Rennesøy 285 824 4 026 1,4
1144 Kvitsøy 47 437 491 1,0
1145 Bokn 67 507 912 1,4
1146 Tysvær 607 407 12 596 2,1
1149 Karmøy 2 176 679 63 319 3,0
1151 Utsira 33 187 1 711 5,4
1160 Vindafjord 508 452 7 590 1,5
Fordelast gjennom året 16 950    
Rogaland 25 803 166 766 200 3,1
       
Rogaland fylkeskommune 5 519 030 138 951 2,6

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.