Historisk arkiv

1,27 milliardar kroner meir i frie inntekter til Akershus neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Akershus og Akershus fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

3,8

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0211 Vestby 964 197 34 854 3,8
0213 Ski 1 722 912 49 112 2,9
0214 Ås 1 044 562 34 362 3,4
0215 Frogn 865 311 21 422 2,5
0216 Nesodden 1 035 679 37 671 3,8
0217 Oppegård 1 577 249 48 590 3,2
0219 Bærum 8 020 317 217 047 2,8
0220 Asker 3 777 778 102 469 2,8
0221 Aurskog-Høland 883 441 34 862 4,1
0226 Sørum 997 556 28 538 2,9
0227 Fet 623 771 18 511 3,1
0228 Rælingen 959 284 30 913 3,3
0229 Enebakk 582 770 17 893 3,2
0230 Lørenskog 2 076 186 100 980 5,1
0231 Skedsmo 2 917 237 83 467 2,9
0233 Nittedal 1 311 030 47 592 3,8
0234 Gjerdrum 382 133 14 681 4,0
0235 Ullensaker 1 953 825 80 377 4,3
0236 Nes 1 143 188 36 826 3,3
0237 Eidsvoll 1 318 996 36 036 2,8
0238 Nannestad 708 945 31 409 4,6
0239 Hurdal 174 581 7 295 4,4
Fordelast gjennom året 5 000    
Akershus 35 045 946 1 114 905 3,3
       
Akershus fylkeskommune 6 365 895 153 759 2,5

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.