Historisk arkiv

191 millionar kroner meir i frie inntekter til Finnmark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Finnmark og Finnmark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019

     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
2002 Vardø 158 097 4 714 3,1
2003 Vadsø 378 179 10 632 2,9
2004 Hammerfest 674 690 21 482 3,3
2011 Kautokeino 230 540 8 957 4,0
2012 Alta 1 321 492 40 355 3,1
2014 Loppa 94 589 731 0,8
2015 Hasvik 93 588 1 857 2,0
2017 Kvalsund 99 134 2 821 2,9
2018 Måsøy 109 149 3 726 3,5
2019 Nordkapp 217 559 3 546 1,7
2020 Porsanger 261 442 9 349 3,7
2021 Karasjok 199 233 7 995 4,2
2022 Lebesby 125 185 3 082 2,5
2023 Gamvik 100 658 4 222 4,4
2024 Berlevåg 89 105 927 1,1
2025 Tana 220 607 7 026 3,3
2027 Nesseby 94 666 3 682 4,0
2028 Båtsfjord 161 405 3 637 2,3
2030 Sør-Varanger 626 070 16 026 2,6
Fordelast gjennom året 17 300    
Finnmark 5 272 689 150 067 2,9
       
Finnmark fylkeskommune 1 630 841 41 137 2,6

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.