Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

205 millionar kroner meir i frie inntekter til Aust-Agder neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Aust-Agder og Aust-Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0901 Risør 401 691 16 034 4,2
0904 Grimstad 1 266 214 33 275 2,7
0906 Arendal 2 386 902 66 412 2,9
0911 Gjerstad 159 347 5 671 3,7
0912 Vegårshei 140 715 3 136 2,3
0914 Tvedestrand 359 711 7 309 2,1
0919 Froland 323 445 7 241 2,3
0926 Lillesand 418 189 12 800 3,2
0928 Birkenes 301 697 10 108 3,5
0929 Åmli 141 441 3 419 2,5
0935 Iveland 93 722 2 312 2,5
0937 Evje og Hornnes 223 164 8 529 4,0
0938 Bygland 93 445 2 267 2,5
0940 Valle 88 753 1 420 1,6
0941 Bykle 83 498 1 303 1,6
Fordeast gjennom året 6 500    
Aust-Agder 6 488 434 181 786 2,9
       
Aust-Agder fylkeskommune 1 567 097 22 747 1,5

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Til toppen