Historisk arkiv

367 millionar kroner meir i frie inntekter til Vest-Agder neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1001 Kristiansand 4 909 015 147 511 3,1
1002 Mandal 883 476 27 419 3,2
1003 Farsund 543 123 15 961 3,0
1004 Flekkefjord 542 892 10 592 2,0
1014 Vennesla 809 542 28 315 3,6
1017 Songdalen 378 172 13 671 3,8
1018 Søgne 603 963 23 016 4,0
1021 Marnardal 157 205 2 739 1,8
1026 Åseral 76 235 1 095 1,5
1027 Audnedal 125 201 1 925 1,6
1029 Lindesnes 300 027 11 136 3,9
1032 Lyngdal 498 087 9 661 2,0
1034 Hægebostad 120 133 4 443 3,8
1037 Kvinesdal 369 644 11 701 3,3
1046 Sirdal 142 588 2 241 1,6
Fordelast gjennom året 6 500    
Vest-Agder 10 465 803 311 974 3,1
       
Vest-Agder fylkeskommune 2 381 926 54 999 2,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.