Historisk arkiv

553 millionar kroner meir i frie inntekter til Buskerud neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Buskerud og Buskerud fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0602 Drammen 3 794 942 96 927 2,6
0604 Kongsberg 1 484 174 47 111 3,3
0605 Ringerike 1 617 390 53 061 3,4
0612 Hole 396 384 14 408 3,8
0615 Flå 81 509 2 937 3,7
0616 Nes 209 294 7 670 3,8
0617 Gol 281 372 7 149 2,6
0618 Hemsedal 154 172 5 148 3,5
0619 Ål 290 844 6 935 2,4
0620 Hol 270 162 8 704 3,3
0621 Sigdal 219 181 4 811 2,2
0622 Krødsherad 152 967 8 326 5,8
0623 Modum 766 132 26 688 3,6
0624 Øvre Eiker 1 023 709 37 789 3,8
0625 Nedre Eiker 1 338 510 42 435 3,3
0626 Lier 1 462 502 42 480 3,0
0627 Røyken 1 244 396 48 340 4,0
0628 Hurum 513 421 11 397 2,3
0631 Flesberg 171 642 4 433 2,7
0632 Rollag 105 819 2 231 2,2
0633 Nore og Uvdal 175 200 2 886 1,7
Fordelast gjennom året 5 500    
Buskerud 15 759 222 471 927 3,1
       
Buskerud fylkeskommune 3 109 388 80 650 2,7

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.