Historisk arkiv

579 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1502 Molde 1 462 214 64 250 4,6
1504 Ålesund 2 499 514 76 571 3,2
1505 Kristiansund 1 312 347 36 105 2,8
1511 Vanylven 208 994 7 704 3,8
1514 Sande 166 761 5 696 3,5
1515 Herøy 493 343 11 556 2,4
1516 Ulstein 472 824 12 554 2,7
1517 Hareid 296 457 11 658 4,1
1519 Volda 518 039 22 409 4,5
1520 Ørsta 608 632 18 739 3,2
1523 Ørskog 142 364 2 703 1,9
1524 Norddal 126 254 3 416 2,8
1525 Stranda 275 507 7 575 2,8
1526 Stordal 78 679 2 014 2,6
1528 Sykkylven 424 396 9 362 2,3
1529 Skodje 264 569 6 170 2,4
1531 Sula 530 471 18 938 3,7
1532 Giske 462 806 19 392 4,4
1534 Haram 522 631 11 859 2,3
1535 Vestnes 370 469 15 539 4,4
1539 Rauma 443 552 8 592 2,0
1543 Nesset 189 906 6 390 3,5
1545 Midsund 140 415 3 336 2,4
1546 Sandøy 93 578 1 457 1,6
1547 Aukra 217 788 7 364 3,5
1548 Fræna 564 962 18 714 3,4
1551 Eide 211 040 4 216 2,0
1554 Averøy 326 543 6 331 2,0
1557 Gjemnes 166 258 3 146 1,9
1560 Tingvoll 205 212 5 356 2,7
1563 Sunndal 426 925 14 559 3,5
1566 Surnadal 349 702 7 881 2,3
1571 Halsa 113 919 2 255 2,0
1573 Smøla 147 234 3 159 2,2
1576 Aure 256 262 5 101 2,0
Fordelast gjennom året 3 270    
Møre og Romsdal 15 093 837 432 170 2,9
       
Møre og Romsdal fylkeskommune 4 240 264 146 539 3,6

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.