Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

939 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1101 Eigersund 817 648 17 659 2,2
1102 Sandnes 4 150 735 125 176 3,1
1103 Stavanger 7 473 427 221 134 3,0
1106 Haugesund 1 997 042 56 081 2,9
1111 Sokndal 214 321 10 523 5,2
1112 Lund 197 970 4 600 2,4
1114 Bjerkreim 175 597 3 308 1,9
1119 Hå 1 009 033 37 547 3,9
1120 Klepp 1 030 406 41 329 4,2
1121 Time 1 014 359 35 950 3,7
1122 Gjesdal 646 131 15 842 2,5
1124 Sola 1 490 645 43 765 3,0
1127 Randaberg 610 857 16 366 2,8
1129 Forsand 100 353 1 478 1,5
1130 Strand 707 834 14 763 2,1
1133 Hjelmeland 189 708 3 342 1,8
1134 Suldal 264 995 4 441 1,7
1135 Sauda 300 810 7 012 2,4
1141 Finnøy 206 993 2 409 1,2
1142 Rennesøy 286 937 6 380 2,3
1144 Kvitsøy 49 467 1 222 2,5
1145 Bokn 68 432 1 084 1,6
1146 Tysvær 624 327 15 163 2,5
1149 Karmøy 2 251 121 67 256 3,1
1151 Utsira 33 275 -153 -0,5
1160 Vindafjord 539 923 10 809 2,0
Fordelast gjennom året 17 200    
Rogaland 26 469 548 764 736 3,0
       
Rogaland fylkeskommune 5 691 178 174 294 3,2

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Til toppen