Utlysing av prosjektmidlar til språktiltak

På statsbudsjettet for 2014 disponerer Kulturdepartementet prosjektmidlar til oppfølging av språkmeldinga, mellom anna til innsamling av stadnamn. Forvaltning av stadnamnmidlane er delegert til Språkrådet.

Søknad om økonomisk støtte til andre språktiltak enn stadnamnprosjekt kan sendast Kulturdepartementet, Postboks 8030 Dep, 0030 Oslo innan 1. september 2014.

Totalt har vi ein pott på om lag 4 mill. kroner til fordeling.

For nærmare informasjon om mål og tiltak i språkpolitikken viser vi til Stortingets behandling av St.meld. nr. 35 (2007–2008), jf. Innst. S. nr. 184 (2008–2009). Meldinga er tilgjengeleg her: ~/link/ffc3a3a024024c29832aa37d9f55ea10.aspx

Vi viser også til interpellasjonsdebatten om språkpolitikk i Stortinget 25. februar 2014 (sak nr. 11). Referatet er tilgjengeleg her: https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2013-2014/140225/11/

Søknaden må gjera greie for formålet med prosjektet, presisera nærmare kva resultat ein realistisk kan venta å oppnå, og gjera greie for eventuell vidare oppfølging.

Søknaden må innehalda spesifisert budsjett for prosjektet. Her må det mellom anna gå fram om det finst andre inntektskjelder. Det må såleis klargjerast om prosjektet vil vera fullfinansiert med det budsjetterte tilskotet frå departementet, eller om det står att å få avklart eventuelle bidrag frå andre kjelder.

Det kan søkjast støtte til alle slags tiltak som kan vera med på å styrkja norsk språk, nynorsk eller bokmål, direkte og indirekte, også til språkleg dokumentasjon. Vi vil også vurdera søknader som gjeld nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

Også prosjekt i regi av eller under medverknad av Språkrådet vil bli vurderte, til dømes terminologiprosjekt. Elles vil institusjonar og organisasjonar av alle slag kunna søkja.

Det kan også søkjast støtte til pågåande tiltak og aktivitetar, men føresetnaden er da at desse vil kunna gjera seg nytte av slik eingongsstøtte utan at det utløyser støttebehov i påfølgjande budsjettår.

Ved tildeling av tilskot må det i ettertid avleggjast fagleg rapport og rekneskap i samsvar med retningslinjer for økonomiforvaltning og kontroll for tilskotsmottakarar som får tildelt prosjekt- eller investeringstilskot frå Kulturdepartementet i 2014. Slike retningslinjer er fastsette av departementet 28. november 2013.

Retningslinjer for økonomiforvaltning og kontroll for tilskotsmottakarar som får tildelt prosjekt- eller investeringstilskot frå Kulturdepartementet i 2014 (.pdf)