Historisk arkiv

Svar på spørsmål om kor mange kyllingprodusentar som tilfredsstiller krava som opnar for auka kyllingtettheit

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matministeren har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Siv Elin Hansen (SV) mellom anna om kor mange kyllingprodusentar som tilfredsstiller krava som opnar for auka kyllingtettheit, og kor stor andel av produksjonen dei står for.

Stortingsrepresentant Siv Elin Hansen har stilt følgjande spørsmål: 

"Hvor mange kyllingprodusenter tilfredsstiller kravene som åpner for økt kyllingtetthet, hvor stor andel av produksjonen står disse for, har noen produsenter mistet slik status og på hvilken måte føres det etterkontroll med produsenter som har oppnådd en status som gir dem tillatelse til høyere tetthet i produksjonen?" 

Svar:
Noreg har i forskrift gjennomført EU sitt direktiv for hald av slaktekylling, som er del av EØS-avtalen. Direktivet set ei øvre grense for tettleik på 42 kg per m2. Noreg har nytta eit nasjonalt handlingsrom til å fastsetje strengare reglar. 

Etter vårt regelverk er høgste tillatne tettleik 36 kg per m2.  For å produsere med meir enn 25 kg pr. m2 må kyllingprodusentane være tilknytt eit dyrevelferdsprogram. 

Programmet er utarbeidd og blir drifta av næringa, men Mattilsynet vurderer innhaldet i og etterlevinga av programmet. Produsentar som driv med mellom 33 kg pr. m2 og 36 kg pr. m2, må i tillegg oppfylle og kunne dokumentera ei rekkje andre krav. 

For å vere med i næringa sitt dyrevelferdsprogram må produsentane ha skriftleg helseovervakingsavtale med veterinær, mellom anna om veterinærkontroll to gonger i året. Dei må produsere i tråd med KSL (Kvalitetssystemet i landbruket) sin standard, noko som skal dokumenterast gjennom årleg eigenrevisjon og ekstern KSL-revisjon (kvart 3 år). Det blir og kravd medlemskap i ein produksjonskontroll der produksjonsdata må registrerast. 

Alle kyllingprodusentar som leverer kylling til Nortura eller til slakteri som er medlem hos Kjøttbransjens Landsforbund (KLF), er med i programmet. Dette utgjer nærare 100% av alle kyllingprodusentane. 

Skader i huden under føtene, såkalla tråputesår, er ein anerkjent indikator for å måle dyrevelferd hjå slaktekylling. På slakteria blir det registrert kor mange dyr som har slike skader når kyllingane blir slakta.  Resultata avgjer kor stor tettleik produsenten får ha på sitt neste innsett. 

For å kunne produsere med 36 kg per m2, må produsentane halde seg i beste kategori (tråputeklasse  A). Havnar ein produsent i dårlegare kategori, må tettleiken reduserast til han igjen fyller krava til beste kategori. Reguleringa skjer gjennom eit «trappesystem» der ein fortare blir sett ned i kategori enn opp. 

Mattilsynet opplyser at tal frå 2015 viser at 97,8% av alle flokkane med kylling som blei slakta, blei plassert i beste kategori (tråputeklasse A). 

Mattilsynet opplyser at erfaringa frå næringa er at produsentar som får ein kraftig reduksjon i tettleiken på grunn av mykje tråputesår, gjer nødvendige tiltak for å betre dyrevelferda slik at dei raskast mulig kan kome opp på tettleiknivå med høgare lønsomheit, eller dei sluttar med kyllingproduksjon. 

Mattilsynet gir ikkje tillatelse til produsentar, men fører tilsyn med næringa si etterleving av programmet, mellom anna om produsentar med dårlege resultat får redusert tettleik neste gong og om produsentar som ikkje fylgjer krava i programmet blir ekskludert. 

Sjølv om ein produsent er med i programmet, kan Mattilsynet ved tilsyn i fjøfehald fatta vedtak mot produsenten, uavhengig av om aktuelle brot på reglane samstundes blir handtert innafor dyrevelferdsprogrammet.

 

Med helsing 

Jon Georg Dale