Historisk arkiv

Svar på spørsmål om regjeringas mål for omdisponering av dyrka jord i 2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matministeren har svart på spørsmål frå representanten Geir Pollestad (Sp) om regjeringas mål for omdisponering av dyrka jord i 2016.

Skriftlig spørsmål nr. 393 (2015-2016)

Eg viser til spørsmål nr 393 til skriftleg svar sendt frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet er stilt i brev datert 22. desember 2015 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad. 

Spørsmålet lyder slik (med grunngjeving):

"Hva er regjeringens mål for omdisponering i 2016 med utganqspunkt i Stortingets vedtak? 

Grunngjeving:

I jordvernstrategien vedtatt av Stortinget er det bestemt at omdisponeringen av matjord skal være under 4000 dekar innen 2020. Dette målet skal nås gradvis."

Nasjonal jordvernstrategi blei vedteken den 8. desember 2015, og regjeringa har ikkje fastsett noko eige mål for omdisponeringa av dyrka jord i 2016. Jordvernstrategien skal følgjast opp ved å gjennomføre dei fastsette tiltaka. 

Eg tolkar Stortingets mål slik at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skal reduserast gradvis frå nivået i 2014 (som er det hittil siste året med KOSTRA-tall) på ca 5 700 dekar, ned til målet på 4 000 dekar i 2020. 

Den årlege omdisponeringa av dyrka jord har dei siste åra vist ein fallande tendens, og var i 2013 den lågaste sidan registreringa byrja i 1976. I 2013 var omdisponeringa av dyrka jord for fyrste gongen under 6 000 dekar, noko som gjentok seg i 2014. Dei endelege tala frå KOSTRA for 2015 kjem ikkje før i juni 2016, noko som også gjer det vanskeleg å seie noko no om omdisponeringa i 2016. Det er elles viktig å peike på at det kan være fleire ulike årsaker til endringane i den registrerte omdisponeringa av dyrka jord gjennom KOSTRA. 

Det er eit klart mål å redusere omdisponeringa i tråd med det fastsette nivået for 2020, men eg finn det mindre tenleg å sette eit konkret mål for kvart enkelt år. 

Med helsing    

Jon Georg Dale