Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om handsaminga av ein flaumsak i Luster

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om handsaminga av ein flaumsak i Luster.

Svar på spørsmål nr. 376 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Eg syner til brev frå Stortingets president av 25. november 2019 vedlagt spørsmål nr. 376 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Geir Pollestad.

Spørsmålet lyder:

"I Bondebladet 5. september lover stortingsrepresentant Andre N Skjelstad frå Venstre at han vil ta opp handsaminga av ein flaumsak i Luster med landbruksministeren ved fyrste høve. Kva vart resultatet av denne dialogen og kva endringar har dette gitt for handsaminga av den konkrete saka?"

Grunngjeving:

"Saka gjeld ein bonde i Luster som har fått utbetalt erstatning ut frå dei foreløpige tala han sendte inn til trass for at den endelege taksten over skadene var langt høgare. Den endelege taksten var kring 5 millionar kroner. Erstatningen vart sett til kring 1 million kroner."

Svar:

Eg er kjend med naturulykka i Luster i fjor og saka som representanten Pollestad syner til, både gjennom media og representanten Skjelstad.

Lov om erstatning for naturskader (naturskadeerstatningsloven) inneheld reglar om den statlege naturskadeordninga. Landbruksdirektoratet er ansvarleg myndigheit, og gjer vedtak om erstatning. Klagenemnda for naturskadesaker (klagenemnda) avgjer eventuelle klager etter ordninga.

Eg er kjend med at det i denne saka har vore ein diskusjon om dei ulike rapportane om skadetakst. Når det gjeld bruken av takstrapportar, følgjer det av reglane at taksten berre er rettleiande for Landbruksdirektoratet si avgjerd om erstatning.

Direktoratet har etter ei samla vurdering, mellom anna av dei ulike takstrapportane, gjeve erstatning med utgangspunkt i bruksverdien av skadeobjektet, slik det følgjer av lova. Saka har òg vore handsama i klagenemnda, og med same resultat som det opphavlege vedtaket. Den forvaltningsmessige handsaminga av denne saka er avslutta ved klagenemnda sitt vedtak. Eg vil understreke at klagenemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan, og departementet har difor inga myndigheit til å instruere nemnda. Dette svaret fekk også representanten Skjelstad.

Dersom den som har lidd skade ynskjer å gå vidare med ei sak etter handsaming i klagenemnda, må det gjerast gjennom eit søksmål for domstolane.    

Med helsing

Olaug Vervik Bollestad