Historisk arkiv

Svar på spørsmål om frivillige organisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om departementet sin bruk av norske non-profit-organisasjonar og om det har ein plan for den vidare dialogen med dei frivillige organisasjonane.

Skriftleg spørsmål nr. 61 (2016-2017).
Datert 14.10. 2016

Frå representanten Signe Navarsete (Sp):
Ser statsråden at det kan vera mogleg med meir kostnadseffektiv kompetansebygging gjennom å bruka norske non-profit-organisasjonar? I så fall, kva er den konkrete planen for den vidare dialogen med dei frivillige organisasjonane?

Svar frå utanriksministeren:
Norske frivillige organisasjonar er kompetente partnarar for norsk offentleg forvaltning. Gjennom det langsiktige samarbeidet, som det offentlege finansierer saman med organisasjonane sine eigne støttespelarar, har dei frivillige organisasjonane tileigna seg god fag– og kontekstkunnskap. Dette har utanrikstenesta nytte av. Samarbeidet med organisasjonane gir verdifull innsikt i konfliktlinjer og kunnskap om tiltak som kan hjelpe lokalsamfunn ut av fattigdom, konflikt og marginalisering.

Utanriksdepartementet legg difor opp til eit nært samarbeid med det sivile samfunnet i arbeidet med ny stortingsmelding om ein framtidsretta utviklingspolitikk og om bærekraftsmåla. Dei frivillige organisasjonane har kompetanse og erfaringar både frå felt og frå gjennomføringa av tusenårsmåla som det blir viktig å trekkje vekslar på.

Utanrikstenesta har stor glede av dialogen med dei frivillige organisasjonane. Dialogen vil halde fram i både formelle og meir uformelle forum. Til dei meir formelle foruma høyrer konsultasjonar i Utanriksdepartementet med den politiske leiinga og med embetsverket. Målet er å gjere utanrikstenesta og partnarane våre best mogleg skikka til dei respektive oppgåvene sine.

Departementet ser dialogen med dei frivillige organisasjonane i samanheng med arbeidet for å effektivisere norsk bistandsforvaltning. Mellom anna er talet på avtalar redusert med 30 prosent sidan juni 2015, færre land enn tidlegare får norsk bistand, og vi konsentrerer innsatsen rundt eit utval tematiske prioriteringar. Dette gjer det òg mogleg med meir målretta kompetansebygging rundt norske prioriteringar.