Historisk arkiv

Svar på spørsmål om folkerøystinga i 1994 og europeisk samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om folkerøystinga i 1994 og europeisk samarbeid.

Skriftleg spørsmål nr. 323 (2019-2020).
Datert 18.11.2019

Fra representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:  
Korleis definerer utanriksministeren kva politikkområde det norske folk sa nei til å integrere landet vårt i då fleirtalet sa nei til EU i 1994, og meiner ho at regjeringa respekterer folkerøystinga i sin europapolitikk?

Utanriksministerens svar:
I folkerøystinga i 1994 blei veljarane bedne om å ta stilling til om Noreg skulle bli medlem av EU eller ikkje. Eit fleirtal på 52,2 prosent stemte nei til medlemskap. Folk stemte ikkje nei til europeisk samarbeid.  

Denne regjeringa respekterer og legg resultatet av folkerøystinga til grunn for sin europapolitikk, slik alle norske regjeringar etter 1994 har gjort. Noreg er ikkje medlem av EU. Som våre forgjengarar, freistar også denne regjeringa å gripe dei moglegheitene EØS-avtalen og våre andre samarbeidsordningar med EU gir for å fremje norske og felleseuropeiske interesser. Det er stor støtte til EØS-avtalen i Noreg. Ei spørjeundersøking (Sentio/Nupi) viste nyleg at sju av ti nordmenn meiner EØS-avtalen er ein god avtale for landet.