Historisk arkiv

Svar på spørsmål om budsjett og omdisponeringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om midlane blir omdisponert til andre postar på budsjettet under Utanriksdepartementet for 2020 eller om dei blir overført til neste år.

Skriftleg spørsmål nr. 1630 (2019-2020).
Datert 15.05.2020

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp):
Blir midlane omdisponert til andre postar på budsjettet under Utanriksdepartementet for 2020 eller blir dei overført til neste år?

Utanriksministerens svar:
Utbetalingar av EØS-midlar som ikkje vert gjort i 2020, vert flytta til seinare år. Midlane vert ikkje omdisponerte til andre postar på budsjettet under Utanriksdepartementet for 2020. Siste løyvingsår under programma vil vera 2025. 

Figur 7.2 Bruttofordeling 2009-2014 og 2014-2021 på side 54 i Prop.1 S (2019-2020) Utanriksdepartementet syner den samla potten på 2,8 milliardar euro fordelt på 15 av dei mindre velståande medlemslanda i EU for perioden 2014 - 2021. Beløpa er baserte på ein framforhandla avtale.

Landa med størst reduksjon i anslåtte utbetalingar samanlikna med Prop. 1 S (2019-2020), er Romania (-29,4 mill. €), Polen (-28,9 mill. €), Bulgaria (- 17,3 mill. €) og Tsjekkia (-17,7 mill. €).

Reduksjonen av anslåtte utbetalingar samanlikna med statsbudsjettet 2020 har samanheng med fleire faktorar, mellom anna forseinking i underteikning av kontraktar og forseinkingar i samband med utlysingar og godkjenning av prosjekt.

Svært høge ambisjonar i landa når dei utarbeider prognosane er ei utfordring. Kvart prosjekt og program ynskjer snarleg framdrift, og alle vil vera sikre på at dei har nok pengar til å kunne ferdigstille prosjektet. Det samla resultatet for alle land gjer at prognosane tidvis vert vel optimistiske. Dette har vorte drøfta i styringskomiteen for midlane (Financial Mechanism Committee) mellom gjevarane, og krav om betre prognosar vert framheva av gjevarane i årsmøta med kvart av landa.