Historisk arkiv

Svar på spørsmål om WTO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) om ny sjef for Verdas handelsorganisasjon (WTO).

Skriftleg spørsmål nr. 1963 (2019 – 2020).
Datert 17.06.2020

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp):
Det har opna seg ein ny plass som sjef for WTO. Har Noreg tankar om kven som bør erstatte Azevedo, og tenkjer Noreg å fremje ein eigen kandidat?

Utanriksministerens svar:
Generaldirektør Azevedo i WTO har varsla at han fråtrer stillinga 31. august i år, eitt år før den andre perioden hans normalt ville vere avslutta. Eg har gitt uttrykk for at eg beklagar avgangen hans i ei krevjande tid for WTO. 

Prosessen med å finne Azevedo sin etterfølgjar er i gang. Medlemene i WTO har til 8. juli med å nominere kandidatar, deretter vil kandidatane kunne presentere seg, og så vil medlemene konsultere seg fram til ein etterfølgjar som vil måtte veljast samrøystes. Vonleg vil etterfølgjaren vere på plass tidleg i haust.

Med den utsette situasjonen WTO og det multilaterale handelssystemet er i, meiner vi frå norsk side at organisasjonen bør ha ein sterk og samlande leiar med politisk og handelspolitisk erfaring som ny generaldirektør. Fleire kandidatar er allereie lanserte. Det er ikkje konkludert om det er aktuelt å fremje ein norsk kandidat.