Historisk arkiv

Departementet gjer om på grøne avvisningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

118 av 255 søknadar om nye laksekonsesjonar er avvist på grunn av formelle feil. Departementet har nå gjort om på dei 28 første avvisningsvedtaka. Dei øvrige klagene er til handsaming i departementet.

– Departementet har vurdert kvar einskild søknad for seg og komen fram til at det ikkje er grunnlag for å avvise nokre av dei 28 søknadene, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Departementet har vurdert avvisningsvedtaka og klagene nøye og har henta inn ekstern vurdering. Regjeringsadvokaten har også vore konsultert.

–Eg er nøgd med at eg har fått grundige juridiske tilrådningar. Det betyr at vi nå får ein brei konkurranse om løyva og dei beste føresetnadene for å få fram ny teknologi som kan løyse miljøutfordringane, seier Aspaker

Søknadene er avviste anten på grunn av utilstrekkeleg kvittering for søknadsgebyr eller feil signatur på søknadsskjema. Departementet konkluderer med at tildelingsforskrifta ikkje er klar nok til hjemle eit avslag på grunn av utilstrekkelig dokumentasjon for innbetalt søknadsgebyr. Departementet meiner tildelingsforskrifta ikkje stiller opp ei plikt til å avvise søknader som har feil signatur.

Fiskeridirektoratet lyste i juni i år ut 45 nye laksekonsesjonar. Faggruppa, som har ansvar for å vurdere søknadene, avviste 118 av 255 søknader på grunn av formelle feil. Departementet har oppheva alle 28 avvisningsvedtaka som vi har behandla til nå, og sender søknadene tilbake til Faggruppa for vidare sakshandsaming.

– Vi har nå mottatt også resten av klagene, og vi vil gå gjennom desse med sikte på ei avgjerd i løpet av januar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.