Historisk arkiv

Desentralisert landbruksutdanning i Valdres

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Faglaga i landbruket i Valdres, Valdres Natur- og Kulturpark, kommunane, Valdres Landbruksrådgiving og Fylkesmannen i Oppland har gått saman for å tilby ei pakke med landbruksfaglege kurs.

Faglaga i landbruket i Valdres, Valdres Natur- og Kulturpark, kommunane, Valdres Landbruksrådgiving og Fylkesmannen i Oppland har gått saman for å tilby ei pakke med landbruksfaglege kurs. Målet er at fleire skal bli interessert i å utvikle gardsdrifta si og å skape eit sterkare fagmiljø innanfor landbruket i Valdres.

Det er allereie gjennomført eit inspirasjonsseminar der 60 nye og komande gardbrukarar i Valdres. I januar 2011 blir det gjennomført ein studietur til Hallingdal for å sjå nærare på mjølkeproduksjon, sauehald og tilleggnæring. Det kjem vidare til å bli utvikla fagkurs for både unge og etablerte bønder innan mjølkeproduksjon, sauehald, planteproduksjon og andre aktuelle tema. Det vil også bli etablert ei mentorordning der ressurssterke gardbrukarar kan inspirere og gje råd og tips til nyetablerte eller komande gardbrukarar.

Dei landbruksfaglege kursa er støtta av KSL Matmerk og bygdeutviklingsmidler for Valdres.

Deltakere på inspirasjonskurs.
Deltakere på inspirasjonskurs. Foto: Magnhild Strand.