Historisk arkiv

Desse tiltaka vurderer EU i kampen mot radikalisme og terror

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

Etter terrorangrepa i Paris er terrorisme, radikalisering og framandkrigarar løfta til toppen av agendaen i EU. No diskuterer unionen korleis ein kan takle problemet best mogeleg.

EUs kontraterrorkoordinator, Gilles de Kerchove, arbeider med å sikre at tiltaka fra EUs medlemsland mot terrorisme er koordinerte. Foto: European Union
EUs kontraterrorkoordinator, Gilles de Kerchove, arbeider med å sikre at tiltaka fra EUs medlemsland mot terrorisme er koordinerte. Foto: European Union Foto: European Union

 

Etter terrorangrepa i Paris 7. – 9. januar, og kontraterroraksjonane i Belgia veka etter, er temaet sett øvst på agendaen i fleire fora som til eksempel utanriksministermøtet i Brussel 19. januar, det uformelle justisministermøte i Riga 29. – 30. januar hvor Noregs justisminister deltok og det komande uformelle møte i Det Europeiske Råd (statsleiarar) 12. februar.

EU-tiltak kan vere relevante for Noreg

Også i Noreg diskuterer ein kva tiltak som vil vere mest effektive. Det ligg i utfordringa si natur at vi er nøydde å samarbeide med andre land for å finne gode løysingar. Fleire av forslaga er også Schengen-relevante, der Noreg deltek som fullverdig medlem. Dette gjeld mellom anna skjerping av yttergrensekontroll og deling av informasjon i Schengen Information System.

I tillegg er Noreg tilknytt Europol og Eurojust, som inneber politi- og påtalesamarbeid samt trusselvurderingar og analyser. Vi er også del i eit uformelt samarbeid med EU kommisjonens Radicalisation Awareness Network (RAN).

Desse tiltaka vurderer EU

Den store utfordringa for EU på dette området er at tryggleiksspørsmål og politimyndigheit i all hovudsak er område som nasjonalstatane styrer sjølv. Dette legg eit viktig premiss for diskusjonane, då ein må avklare kva som bør og kan gjerast på EU-nivå og kva ein må overlate til landa sjølve. Med tanke på at terror ikkje tar omsyn til nasjonale grenser, viser medlemsstatane vilje til å samarbeide på dette området.

Her er ei oversikt over nokre av tiltakene som no blir vurderte av EU.

European Passenger Name Records (EPNR): Etablering av eit system for utveksling av passasjerdata, som allereie i dag blir samla inn av flyselskap for alle flyavgangar til og frå EU.

Grensekontroll av Schengen-borgarar:  Dette tiltaket handlar først og fremst om å fange opp framandkrigarar. Spørsmålet er i kva grad dagens regelverk gir tilstrekkeleg rom for å kontrollere Schengen-borgarar ved innreise til Schengen-området, eller om ein bør endre den såkalla Schengen Border Code.

Informasjonsdeling: Det vil ha lite føre seg å auke kontrollen ved grensene, om ikkje relevant  informasjon er registrert i til dømes Schengen Information System (SIS II). Difor diskuterer ein å få på plass auka informasjonsdeling om framandkrigarar frå nasjonale myndigheiter til Europol, Eurojust og Interpol.

Samarbeid med tredjeland: For å hindre terrorisme og framandkrigarar ser EU-landa behov for eit tettare samarbeid med aktuelle tredjeland. Dette er til eksempel landa framandkrigarar reiser via og til, samt viktige partnarar som USA og Canada.

Internett: På dette området vurderer ein tiltak for å identifisere og fjerne ulovleg innhald og drive strategisk kommunikasjon for å motverke bodskap som medverkar til å radikalisere unge.

Førebyggande innsats: EU-landa ønskjer å arbeide for å motverke årsakene til radikalisering, gjennom tverrsektorielt arbeid for å førebygge radikalisering. På dette området har allereie Noreg presentert ein handlingsplan med tiltak for å sikre ei brei og tidleg førebygging. Den norske handlingsplanen ligg tett opp mot det EU ønskjer å gjere. Også fleire andre EU-land har eller held på med eigne handlingsplanar.

Europakommisjonen ønskjer å støtte opp under dette arbeidet gjennom Radicalisation Awareness Network (RAN) ved å snarleg opprette eit RAN Center of Excellence for å dele kunnskap og erfaringar om tiltak på lokalt og nasjonalt nivå.

Våpen: EU ønskjer å gjere meir for å hindre ulovleg handel og oppbevaring av våpen, mellom anna gjennom å auke deling av informasjon og felles politioperasjonar.

Se også:
Les mer om Norges samarbeid med EU på justisområdet
Les om radikalisering og voldelig ekstremisme på nettsidene til Justis- og beredskapsdepartementet