Revidert nasjonalbudsjett

Det blir full kompensasjon for moms til idrettsanlegg

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å auke løyvinga til kompensasjon av anleggsmoms med 106,5 millionar kroner.

– Med dette forslaget vil regjeringa syte for at alle dei 532 søknadane som ligg til behandling i Lotteri- og stiftelsestilsynet kan få innvilga full momskompensasjon for idrettsanlegg, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q Raja. 

– Med ei samla løyving på 301 millionar kroner vil det ikkje bli avkortingar i momskompensasjonen. Ei avkorting no vil ramme enkeltlag som har investert i eigne idrettsanlegg hardt. Å sikre full kompensasjon av anleggsmomsen er difor eit viktig og riktig tiltak for å betre den akutte situasjonen som idretten no er i.

Frivillig innsats bidreg mykje til verdiskapinga i samfunnet gjennom å byggje idrettsanlegg. Momskompensasjonsordninga er ei viktig ordning for å stimulere til bygginga av anlegg og gjer finansieringa lettare for lag og foreiningar. Ordninga bidreg til at laga kan bruke pengar på aktivitet i staden for anleggskostnadar.