Historisk arkiv

Det genetisk viktige ulveparet har fått kvalpar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

I vinter vart eit ulvepar med ein genetisk viktig finsk-russisk hannulv flytta frå Østerdalen til Våler i Østfold. Flyttinga vart gjort for å unngå at ulvane vart felt og for å leggje til rette for at paret kunne formeire seg og dermed redusere innavl i ulvebestanden. Miljødirektoratet stadfestar no at ulveparet har fått kvalpar.

- Det er særs viktig at ulv frå Finland og Russland lukkast i å spreie sine gen i den skandinaviske ulvebestanden. Den høge graden av innavl er ein alvorleg trussel for ulven i Noreg og Sverige. Føremålet med å ta vare på slike individ er nettopp at dei skal formeire seg. At ulveparet no har slått seg ned i ulvesona og fått kvalpar, er difor svært gledeleg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Ulvane vart flytta

Ulveparet etablerte seg fyrst i eit revir (Deisjøreviret) heilt nord i ulvesona. Noko av arealet dei brukte, låg utanfor ulvesona i Rendalen og Stor-Elvdal kommunar.

- Stortinget vedtok før jul at det skulle opnast for lisensfelling i delar av området der det genetisk viktige ulveparet då heldt til. Eg bestemte difor at ulvane skulle flyttast for at dei ikkje skulle bli skotne. Når ulveparet no har slått seg ned og fått kvalpar innanfor ulvesona, må vi kunne seie at flyttinga så langt har vore vellukka, seier Rotevatn.

Ulveparet vart flytta til eit område vest for Glomma og sør for E18 i Våler kommune januar i år. Etter noko vandring har dei etablert seg med hovuddelen av reviret i Aurskog-Høland kommune.

Innavl ein alvorleg trussel

Den sør-skandinaviske ulvebestanden er svært innavla. Det er berekna at ein ny immigrant frå Finland/Russland må lukkast i å spreie sine genar i Sør-Skandinavia minst kvart femte år for å få til ein mindre innavla ulvebestand. I motsett fall må bestanden vere på eit langt høgare nivå enn i dag for å være levedyktig på sikt.

- Det er eit spørsmål om eit vere eller ikkje vere for den sør-skandinaviske ulvebestanden at vi lukkast i å ta vare på ulv som vandrar inn frå det finskrussiske området. Det vil vere eit svært viktig bidrag om dei nyfødde ulvekvalpane etter kvart spreier sine genar vidare.  Statens naturoppsyn vil følgje nøye med både i felt og på GPS-data som kjem inn frå foreldreparet, seier Rotevatn.

Du kan òg lese  Miljødirektoratet si pressemelding her.