Historisk arkiv

Det europeiske forsvarsbyrået

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Med aukande prisar på forsvarsmateriell og meir stilleståande forsvarsbevilgningar, spelar det europeiske forsvarsbyrået (EDA) ei viktig rolle med hensyn til å utnytte forsvarskronene best mogleg. Som einaste tredjeland deltek Noreg i byrået for å utvikle kapasitetar og fremje forskningssamarbeid på forsvarsområdet.

EDA vart etablert i 2004, og er et mellomstatlig byrå for utvikling og harmonisering av militære kapasitetar, materiellsamarbeid, forskning og teknologiutvikling, samt forsvarsindustri og markedsutvikling. EDA har som funksjon å støtte opp om EU sin sikkerheitspolitiske strategi, samt arbeidet med å nå dei kapabilitetsmål som EU har sett seg for 2010.

Norsk deltakelse sidan 2006
Det europeiske forsvarsbyrået vart oppretta i 2004 og tel tjueseks EU-land. Danmark deltek ikkje fordi dei er utanfor forsvarssamarbeidet. I tillegg kjem Noreg som det einaste tredjelandet med status som assosiert medlem av byrået.

Noreg har delteke i EDA sidan mars 2006. Deltakelsen gjev oss fleire moglegheiter på det praktiske plan, og avtalen gjer det mogleg både for det norske forsvaret og forsvarsindustrien å delta i prosjekt i regi av EU.

Blir leia av Solana
Det hevdast ofte at ein treng samarbeid på forsvarsfeltet når prisane på teknologi og materiell går opp, medan forsvarsbudsjetta ikkje følgjer like raskt med. Gjennom byrådeltakinga får Noreg anledning til å delta i EDA-prosjekt og -program etter den politiske fasen. Noreg deltek ikkje i beslutningsprosessen, men kan bli invitert til å delta som observatør på ad-hoc basis i styremøter. Norge har årleg to møter med EDA i konsultasjonskomiteen.

Den øvste sjefen for forsvarsbyrået er EUs høgrepresentant for den felles europeiske utanriks- og sikkerheitspolitikken, spanske Javier Solana. Styret i byrået utgjerast av forsvarsministrane i dei deltakande EU-landa. Byrået samlar vidare dei nasjonale direktørane for materiell, forskning og kapasitet.

Meir om dei ulike samarbeidområda Noreg deltek i innanfor forvarsbyrået finn du her.