Historisk arkiv

Konsesjon til bygging av Tysso kraftverk i Ulvik herad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet har torsdag 20. mai gjeve konsesjon til Tysso kraftverk i Ulvik herad. Tiltaket vil gje ei auka kraftproduksjon på om lag 19 gigawattimar per år. Dette svarar til forbruket til om lag 950 husstandar.

Elva Tysso renn gjennom Ulvik sentrum og er utnytta i Ulvik 1 kraftverk. Bygging av nytt Tysso kraftverk vil vere eit opprustings- og utvidingsprosjekt, som vil erstatte det eksisterande Ulvik kraftverk og bruke den eksisterande kraftstasjonen. Med auka fallhøgde og slukeevne vil kraftproduksjonen auke med om lag 19 gigawattimer (GWh) per år.

NVE avslo søknaden då utbygginga ville gje redusert vassføring i ei bekkekløft som ikkje let seg undersøke nøye. Hardanger Energi klaga på vedtaket og har føreslege auka minstevassføring på sommaren.

Departementet har i dag gjort om på NVE sitt avslag og gjeve konsesjon til Tysso kraftverk.

Departementet har stilt krav om auka minstevassføring ein lenger periode på sommaren, samt også auka minstevassføringa på vinteren for å sikre ei viss fuktigheit i bekkekløfta. Det skal installerast ein forbisleppingsventil av omsyn til sjøaure. Med desse bøtande tiltaka finn departementet at fordelane ved kraftverket er større enn ulempene.

Les vedtaket her