Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Digitaliseringsministeren til Berlin

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup besøker Berlin i Tyskland måndag 25. november for å halde eit innlegg og delta i ein paneldebatt på Internet Governance Forum.

Media er velkomne til å delta.

Internet Governance Forum (IGF 2019) er eit multinasjonalt dialogforum under leiing av FN. Her møtast representantar frå offentlege myndigheiter, næringsliv, akademia og internasjonale organisasjonar for å diskutere styringa av internett og korleis digitaliseringa påverkar samfunnet. Statsråden skal tala om digital inkludering, utdanning og kompetanse.

Astrup skal og møte Walter Wallmann, leiar av riksrevisjonen og rådgjevar for digitalisering i delstaten Hessen. Dei skal snakka om eit felles digitaliseringsprosjekt mellom Noreg og Hessen i Tyskland.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen