Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Digitaliseringsministeren til Brussel

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup besøker Brussel 22. og 23. januar. Han skal mellom anna møte visepresidenten i EU-kommisjonen Margrethe Vestager, som har ansvar for "A Europe Fit for the Digital Age" og konkurransesaker.

Eit viktig tema for samtalen med Vestager er å presentere norske interesser og leggje til rette for samarbeid med EU i spørsmåla om plattformverksemder.

I Brussel skal Astrup også møte sentrale EU-parlamentarikarar, representantar for EU-kommisjonen og leiar av EU sitt datatilsyn (EDPS), Wojciech Wiewiórowski.

Formålet med møta er å utveksle erfaringar om digitale satsingar og prioriteringar, og gjere synleg Noreg sin intensjon om å delta fullt ut i det europeiske digitale samarbeidet.

I tillegg vil Astrup ha samtalar knytta til mellom anna 5G, kunstig intelligens, EU sin digitale strategi og personvern.

Pressekontakt

Politisk rådgjevar Jenny Tetzschner von Clemet: +47 918 80 164

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen