Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Digitaliseringsministeren til Paris

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup besøker Paris 13. og 14. november saman med Innovasjon Noreg og 15 norske IT-gründarverksemder. I Paris skal Astrup mellom anna møte den franske digitaliseringsministeren Cedric O.

Digitaliseringsministeren skal halde innlegg og delta i ein paneldebatt på Paris Peace Forum der temaet er europeisk digitaliseringspolitikk, digital sjølråderett og regulering av IT-plattformer. På eit fagseminar med norske IT-verksemder i regi av Innovasjon Noreg er temaet koreleis norske IT-gründarar kan nå ut med sine produkt og tenester til offentlege kundar i Europa.

Astrup skal også delta i ein paneldebatt om kunstig intelligens på GovTech-konferansen 14. november.

- Eg ser fram til å vise norske teknologiverksemder til ein større europeisk marknad, og samtidig få innspel til arbeidet med å etablera eit program for auka samhandling mellom offentleg sektor og oppstartverksemder, som varsla i digitaliseringsstrategien. Eg vil også bruke dette høvet til å fremje Noreg sine synspunkt på EU sine digitale prioriteringar og bidra til at Noreg får delta fullt ut i det europeiske digitale samarbeidet, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Program

Onsdag 13. november

Kl 10.30: Delta på fagseminar med norske IT-verksemder i regi av Innovasjon Noreg
Stad: Innovasjon Noreg sine lokaler, WOJO, 16 rue Washington, Paris 8

Kl 13.20: Halde innlegg og delta i paneldiskusjon på Paris Peace Forum
Stad: Grande Halle de la Villette, 211 avenue Jean Jaures, 75019 Paris

Kl 17.00: Delta i dialogmøte med norske IT-verksemder
Stad: Den norske ambassaderesidensen, 34 rue Francois 1er, 75008 Paris

Torsdag 14. november

Kl. 09.15 Åpning av GovTech. Astrup deltek i ein panelsamtale om kunstig intelligens.
Stad: Grand Auditorium, Palais Brongniart, 16 Place de la Bourse, 75002 Paris

16.30: Møte med den franske digitaliseringsministeren Cedric O.
Stad: Det franske finansdepartementet, 145 rue de Bercy, 75012 Paris

Pressekontakt

Politisk rådgjevar Jenny Clemet von Tetzschner, mobiltlf. +47 918 80 164

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen