Historisk arkiv

Diskuterte finansiering av klimatiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg har denne veka leia eit møte i FNs høgnivågruppe for finansiering av klimatiltak. Gruppa skal presentera sin endelege rapport før FNs klimatoppmøte i Mexico i desember.

Statsminister Jens Stoltenberg har denne veka leia eit møte i FNs høgnivågruppe for finansiering av klimatiltak. Gruppa skal presentera sin endelege rapport før FNs klimatoppmøte i Mexico i desember.


FNs høgnivågruppe for finansiering av klimatiltak samla i New York denne veka. Foto: Statsministerens kontor.

På møtet i New York har gruppa diskutert moglege løysingar for korleis ein skal nå dei langsiktige finansielle måla frå klimatoppmøtet i København i 2009, om 100 milliardar dollar per år frå 2020 til finansiering av klimatiltak i fattige land.

– Gruppa diskuterer mange ulike finansieringskjelder. For å ta finansieringsspørsmålet eit steg vidare må me beskriva kor realistisk det er å gjennomføra dei ulike alternativa. Dette blir utfordrande når me skal ferdigstilla rapporten, seier Stoltenberg.

Stoltenberg leiar gruppa saman med Etiopias statsminister Meles Zenawi. I gruppa deltek også Guyanas president Bharrat Jagdeo og ministrar frå både fattige og rike land. I tillegg er det fleire økonomiske ekspertar med i gruppa, blant andre Lawrence Summers, George Soros og Nicholas Stern. Dette er det første møtet etter at Stoltenberg tok over som leiar av gruppa etter Gordon Brown.

Les meir om gruppa her.