Historisk arkiv

Utviklingsministeren tek i mot Arina Amir i samband med initiativet «Girls Takeover»

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Stad:

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein tek i mot Arina Amir (15) som skal vere i Utanriksdepartementet for ein dag i samband med initiativet «Girls Takeover». Girls Takeover er eit årleg prosjekt skipa til av Plan International.

Leiarar i bedrifter, organisasjonar eller staten gir frå seg sjefsstolen til ei tenåringsjente i samband med FNs jentedag 11. oktober. Målet er å sette fokus på berekraftsmål 5 om likestilling og jenters rettar.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83