Historisk arkiv

Avgiftslette for øl frå små bryggjeri

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringen foreslår avgiftslette for øl frå småbryggjeri. – Forslaget vil stimulere til at fleire bryggjerigründerar sikrar og skapar arbeidsplassar rundt om i landet, seier finansminister Siv Jensen (FrP).

Bakgrunnen for framlegget er eit ønske om å forbetre vilkåra for små bryggjeri. Etter fremlegget skal øl frå 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol få ein rabatt i avgifta på 20 prosent. for dei fyrste 50 000 literane, 15 prosent rabatt for volum frå 50 000 til og med 100 000 liter, 10 prosent rabatt for volum frå 100 000 til og med 150 000 liter og til sist 5 prosent rabatt for volum frå 150 000 liter til og med 200 000 liter.

Endringa kan innebere offentleg støtte, og kan ikkje settast i verk før etter avklaring med ESA. Regjeringa foreslår iverksetjing frå den tida departementet fastset.

Les meir i Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga