Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Dobling av støtta til TV-drama

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

I statsbudsjettet for 2012 vert støtta til TV-drama auka med 2,5 millionar kroner. Med denne auken er støtta dobla sidan 2010 – frå 16 til 32 millionar kroner i året.

I statsbudsjettet for 2012 vert støtta til TV-drama auka med 2,5 millionar kroner. Med denne auken er støtta dobla sidan 2010 – frå 16 til 32 millionar kroner i året.

På budsjettet for 2011 auka støtta til TV-drama frå 16 til 22,5 millionar kroner. Etter den nye avtalen mellom Kulturdepartementet og TV 2, som gjer kanalen status som allmennkringkastar, vart det sett av 7 millionar kroner til TV-dramaproduksjonar. Med budsjettauken for 2012 vil lovnaden om dobling av støtta vere oppfylt.
Norsk filminstitutt forvaltar tilskota til TV-drama og gir støtte til uavhengige produksjonsselskap.