Historisk arkiv

Døde forfattarar og levande distriktspolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Bergens Tidende 28.04.2009.

Forvaltar vi arven etter fem diktarar fødde i nærleiken av riksveg 13 med forstand, bidrar vi samstundes til utvikling av lokalsamfunn langs vegen.

Nyleg vitja eg Ulvik herad, heimbygda til diktaren Olav H. Hauge. Høvet var konferansen om diktarvegen og arbeidet med å etablera ei litteraturrute frå Jæren til Sunnfjord.  Der finn vi spor etter nynorskdiktarane Hauge, Jakob Sande, Rasmus Løland, Arne Garborg og Per Sivle. Lokale og regionale eldsjelar ser meir enn levande litteratur. Stamveg, diktarveg og turistveg lyder omkvedet. Det er interessante tankar og eit godt døme på korleis kultur, samferdsle og næring heng saman.

I stortingsmeldinga som eg nyleg la fram om distrikts- og regionalpolitikken, er det mange liknande døme på lokalsamfunn og verksemder som går i front for god samfunnsutvikling.

Skal folk skal ha ein reell fridom til å busetja seg der dei ønskjer, må det vera arbeidsplassar og mogleg å skapa verdiar der dei vil bu. Difor er initiativ som diktarvegen Rv13 viktig.

Ei hovudline i meldinga er å utvida det rommet for handling som kommunar og lokalsamfunn har. Lokal vekstkraft skal utnyttast. Ein aktiv distriktspolitikk skal leggja tilhøva til rette for vekst og utvikling i heile landet.

Regjeringa har i inneverande stortingsperiode ført ein kraftfull distrikts- og regionalpolitikk. Styrking av kommuneøkonomien og samferdsla er viktige døme. Det same er dugnaden mellom staten, fylkeskommunar og kommunar om utbygging av breiband. Vi har også auka midlane til utviklingstiltak gjennom fylkeskommunane frå 1 til 1,3 milliard kroner. Dei vert nytta til bedriftstøtte gjennom Innovasjon Norge, til næringsfond og ei rekkje andre utviklingstiltak for kommunar, næringsliv og kompetanse. Vi har satsa på utdanning, forsking og helsetenester. Forvaltningsplanar for verneområda, fiskeri, havbruk og landbruk er andre område som er viktige for distrikt og regionar.

Det har gjeve resultat. Ikkje sidan byrjinga av 1980-talet har så mange distriktskommunar hatt vekst i folketalet.

Så er det viktig å hugsa at planar og pengar ikkje utan vidare gjev ei positiv utvikling i lokalsamfunna. Attraktive lokalsamfunn må byggja på aktiv innsats frå kommunane og lokalbefolkninga sjølve.

Difor varslar meldinga ei rekkje nye tiltak.

  • Nye mål for breiband for å sikra større kapasitet i heile landet
  • Program for styrka kapasitet og kompetanse til å lokal samfunnsutvikling i kommunane
  • Nytt næringshageprogram frå 2011
  • Mentorordning som gjev unge gründarar hjelp og støtte
  • Nasjonalt kunnskapsprogram for auka bulyst i kommunar med svak utvikling i folketalet.

Regjeringa ønskjer eit levande Noreg. Då må vi stimulera den lokale vekstkrafta. Folk har gjennom generasjonar vist at dei har naudsynt fantasi og arbeidsvilje til å ta i bruk ressursar og skapa seg gode liv. Lang eller kort veg til naboen, dette skal vera mogleg også i åra som kjem.