Historisk arkiv

Dopingkontroll av hest

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har vore med Antidoping Norge på dopingskontroll under eit ryttarstemne.

Antidoping Norge (ADNO) hadde dopingkontroll under eit ryttarstemne arrangert av Drammen og Omegn Rideklubb.

– Landbruks- og matdepartementet har ansvar for regelverket som gjeld hest. Omsynet til dyra, - dyrevelferden, er eit sentralt punkt. Derfor ville eg gjerne vere med ut i felt og sjå korleis dopingstesting går føre seg i praksis, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. – Mitt inntrykk er at Antidoping Norge har eit godt opplegg som ikkje uroar sjølve konkurransen. Det er god systematikk på å velje ut dyr som skal testast, seier Dale.

Ass. daglig leder Frode G. Hestnes (t.v.) og veterinær Kaja Nordtvedt Bøe frå Antidoping Norge forklarar opplegget om dopingkontroll på hest for landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Ass. daglig leder Frode G. Hestnes (t.v.) og veterinær Kaja Nordtvedt Bøe frå Antidoping Norge forklarar opplegget om dopingkontroll på hest for landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Jon Georg Dale følgjer med medan Solveig Bugge Sveri frå Antidoping Norge (t.v.) og hesteeigaren Stine Haug fyller ut papira.
Jon Georg Dale følgjer med medan Solveig Bugge Sveri frå Antidoping Norge (t.v.) og hesteeigaren Stine Haug fyller ut papira. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale i samtale med Christina Berg Pedersen (th) som fikk sin hest Quina de Chouye testet.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale i samtale med Christina Berg Pedersen (th) som fikk sin hest Quina de Chouye testa. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Foto: Landbruks- og matdepartementet